Ønskjer du å jobbe med misjon blant barn, unge og vaksne i Møre?
To faste deltidsstillingar er ledige - éi i NMS og éi i NMSU. Du kan søkje på ei kombinert stilling (90 %) eller på ei av dei to deltidsstillingane. Dersom du vel den siste løysinga, er det viktig at du skriv kva for ei stilling du søkjer på.
Er du engasjert, omgjengeleg og brenn for misjon?
Bli med på laget i Det Norske Misjonsselskap (NMS) og ver med på å gjere ein forskjell! Vi søkjer ein dyktig misjonskonsulent til 50% stilling i vår region Møre, som omfattar Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Om stillinga:
Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette i NMS, NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å legge til rette for både nye og eksisterande misjonsfellesskap og eit levande og vitalt frivillighetsarbeid i regionen. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.
Arbeidsoppgåver:
Rekruttering og oppfølging: Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.
Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).
Formidling: Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.
Vil du jobbe for visjonen «Unge disiplar i heile verda»? Trivst du med å byggje relasjonar og gode fellesskap, samarbeide og formidle? Vil du bruke talenta dine til å engasjere barn og unge til å dele tru, tid, ting og talent?
NMSU søkjer deg som synest det er spennande og meiningsfylt å sjå, samle og styrkje ungdom og frivillige. Du opplever meining i å inspirere både unge og eldre gjennom formidling og relasjonar. Vi ser etter ein engasjert, kontaktskapande og strukturert person som vil vere med og skape aktivitet for barn, unge og familiar i regionen saman med frivillige og Den norske kyrkja.
Vi tilbyr ein variert jobb med oppfølging av eksisterande aktivitetar og rom for å skape nye. Du får i stor grad styre eigen arbeidskvardag.
Hovudarbeidsoppgåver:
For begge stillingane ønskjer vi oss deg som har:
Kva kan vi tilby?
Forventningar til deg:
Om NMS:
Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av Norges største misjonsorganisasjonar, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja. I NMS er målet vårt å skape eit verdig liv og eit varig håp ved å dele tru, utrydde fattigdom og bekjempe urettferd. I NMS blir du ein del av eit verdsomspennande fellesskap.
Om NMSU:
NMSU er ein barne- og ungdomsorganisasjon som består av lokallag og enkeltmedlemmar. Vi har vår forankring i Den norske kyrkja og ønskjer å vere ein naturleg samarbeidspartnar for kyrkjelydar som ønskjer at barn og unge skal få eit lokalt og globalt misjonsengasjement. Gjennom arbeidet vårt vil vi engasjere barn og unge til å dele tru, tid, ting og talent.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Ansettelsestype | Fast stilling |
---|---|
Arbeidstid | Heltid/Deltid |
Tiltredelse | Snarast eller etter avtale |
Lønn | NMS og NMSU sitt lønnsregulativ |
Antall ledige stillinger | 1 |
Arbeidsomfang | 40 % og 50% |
Sted | Ålesund eller anna stad etter avtale |
Fylke | Møre og Romsdal |
Land | Norge |
Referansenummer | 2025/15 |
Kontakt |
|
Publisert | 29.08.2025 |
Søknadsfrist | 29.09.2025 |