NMS, Frivillighet

Misjonskonsulent (50% vikariat) i Region Møre - NMS

Er du engasjert, omgjengeleg og brenn for misjon?
Bli med på laget i Det Norske Misjonsselskap (NMS) og ver med på å gjere ein forskjell! Vi søkjer ein dyktig misjonskonsulent til 50% vikariat i vår region Møre, som omfattar Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

 

Om stillinga:
Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette i NMS, NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å legge til rette for både nye og eksisterande misjonsfellesskap og eit levande og vitalt frivillighetsarbeid i regionen. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Rekruttering og oppfølging: Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.
  • Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).
  • Formidling: Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.

 

Vi ønskjer deg som har:

  • Relevant utdanning og erfaring med leiing av frivillige
  • Misjonsengasjement, stor relasjonell kapasitet og god formidlingsevne.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
  • God kjennskap til kyrkje- og organisasjonsliv
  • Erfaring med administrative oppgåver og bruk av dataverktøy.

 

Kva kan vi tilby?

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i ein internasjonal organisasjon
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Moglegheit for heimekontor etter avtale
  • Løn etter NMS sitt regulativ

 

Forventningar til deg:

  • Søkjaren må disponere bil, då reising i regionen er ein naturleg del av stillinga.
  • Søkarar må vere personleg eigna for stillingane.
  • Du må kunne identifisere deg med NMS sine grunnsyn.

 

Om NMS:
Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av Norges største misjonsorganisasjonar, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja. I NMS er målet vårt å skape eit verdig liv og eit varig håp ved å dele tru, utrydde fattigdom og bekjempe urettferd. I NMS blir du ein del av eit verdsomspennande fellesskap.


Vikariatets varighet vil være frem til september.

 

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Ansettelsestype Midlertidig ansettelse
Arbeidstid Deltid
Tiltredelse Etter avtale
Antall ledige stillinger 1
Arbeidsomfang 50%
Sted Ålesund
Fylke Møre og Romsdal
Land Norge
Referansenummer 2026/3
Kontakt
  • Silje Sjøtveit, 97541299
Publisert 14.01.2026
Søknadsfrist 01.02.2026
Søk stilling

Del lenker

Tilbake til ledige stillinger